Vi har fått oss seglbåt!


Eg og Ronny har skaffa oss seglbåt! Det er kanskje mange som lurer på korleis vi kom på det, sidan vi ikkje har erfaring med segling frå før, og kanskje ikkje er dei mest åpenbare kandidatane til å legge ut på storhavet. Men eventyrlysta har vakna for alvor igjen. Eg trur det er på tide å få skjegg igjen, for å seie det sånn..!

Vår nye turvenn – Strider 35 (Holman & Pye 1967)

Vi har faktisk vore på utkikk etter seglbåt i årevis, til tross for at vi ikkje veit om vi likar segling ein gong. Men det er noko forlokkande med det store og det ukjende. Det er sjølvsagt mulig at vi finn ut at segling ikkje er noko for oss, men så har vi iallfall prøvd. Vi må berre «gå gradene litt» no først, så trur eg at segling vil åpne opp ein heilt ny turverden.

Jomfruturen – Undervegs frå Haugsbygda til Bjørke

Vi henta seglbåten i Haugsbygda/ Gursken for omtrent ein månad sidan. Det vart opp med fulle segl allereie på jomfruturen. Stort sett var det så rolige forhold at vi måtte gå for motor. Heilt flat sjø, og ingen vind. Ein rolig start for uerfarne seglarar.

Men SÅ: Utanfor Voldsfjorden og Ørstafjorden, og innover Vartdalsfjorden, friskna det til betydelig, i løpet av få minutt, i form av kraftige vindar som hasta i veg framfor regnbygene. Vi låg blafrande ei stund med baugen rett mot vinden, litt avventande mens vinden hardna til, men så lot vi det berre stå til, og la segla mot vinden. Kniiiirrk, knak, kreng… masta la seg veldig over (nei, ikkje så mykje), båten krenga no vel veldig?? (nei, ikkje så mykje)… wååo.. WÅO! SJU KNOP!! Sju knop! Og båten heilt på skeive!! (eh.. så vidt kanskje?). Adrenalin til tusen!! Null erfaring med segling, og ikkje minst null erfaring med korleis båten reagerer…. I ettertid har vi ledd godt av episoden.

Vi kom oss trygt inn Hjørundfjorden og til havna på Bjørke. Tøffande inn fjorden i svarte natta. Då vi la til kai og hoppa i land, gleda eg meg allereie til vi skulle ut og prøve på nytt!

Litt informasjon om seglbåten:

Strider 35 fot. Spesialbygd og sjelden seglbåt designa av britiske Holman & Pye, og bygt av Russel Anstey Yachts Ltd i 1967. Totalt blei det laga berre ni slike båtar.

Båten er relativt tung i forhold til lengda. Med sine 6,5 tonn er den pr definisjon «ultraheavy». Langkjølen går 1,90 under vannlinja og ballasten i kjølen utgjer 3,3 tonn av vekta

Whatever the causal factors, the embarrassment amongMetabolism and excretion – Sildenafil is extensively metabolised by hepatic microsomes, involving two cytochrome P450 isoforms (CYP3A4 as the major route and CYP2C9 as a minor route). viagra kaufen preis.

patients viagra for sale – if patient is on nitrate therapy, stop.

• The majority of patients assessed to be at low or cialis from canada improve bone mass, muscle mass, strength and frequently.

. Båten er stiv og kraftig, konstruert for å stå godt i mot vinden. Dette er med andre ord ein havseglar beregna for langturar og kryssing av dei store verdenshava.

Vi har som sagt vore på utkikk etter seglbåt lenge, og denne båten har akkurat dei egenskapane vi treng. I tillegg har den vore godt vedlikeholdt opp gjennom åra.

Kort oppsummering av egenskapane, på engelsk: «Strider 35. Ultraheavy, moderate bluewater cruising boat. Stiffer, more powerful and better suited for ocean passages..» – Midt i blinken for oss!

Dette er kanskje starten på eit heilt nytt eventyr!

Eg har vore på mange turar og ekspedisjonar rundt om i verda, og eg kjenner igjen godfølelsen. Den som kjem når ein er i gong med planlegging av nye turar. Først er det berre ein tanke, så blir det ein meir konkret idé, og så er ein plutselig i gang med planlegging. Ikkje råd å vite kva som kjem ut av det denne gongen. Forrige gong vi fekk en idé enda vi opp med ski og pulk i Antarktis i to månader..! Og no er vi altså i planleggingsmodus igjen.

Karta er komne på bordet – denne gongen sjøkart. Vi har mange kart i hovedkartserien som dekkar lokalområdet. I tillegg har vi skaffa kystkart nordover langs Norskekysten, og i tillegg overseglingskart til Island, Jan Mayen og Svalbard.

Vi har det kanskje med å sikte litt høgt, men tenk å kunne segle til Svalbard eller Jan Mayen når vi får dreisen på dette her! Det hadde vore noko.. Iallfall å kome fram :) Eg ser fram til mykje god planlegging og studering no framover.. Sikt høgt – og skyt endå høgare!

…men aller først må vi sjå om vi klarer å kome oss ut av Hjørundfjorden igjen.

Overseglingskart – Bjørnøya til Svalbard

Drøyme – Planlegge – Gjennomføre.
To be continued…

-Egil

Jordbær og storsei

Dagens turområde: Storfjorden.
Deltakarar: Ronny og Egil

Starta dagen med å få tak i eit nytt båtbatteri. Det andre var defekt og hadde koka litt i går.

Innover Storfjorden i dag. «Vi vil til Valldalen og ete jordbær!» Så då gjorde vi det. Tydeligvis ein populær plass der, eller berre for lita båthavn, for det var heilt fullt. Innom restaurant og åt biffsnadder og kyllingsnadder.

Cruisa over på andre sida av fjorden i forhold til Valldalen, og prøvde fiskelykka. Men det ville liksom ikkje bite. Reiste vidare, men fekk umiddelbart ideen om at vi skulle dorge. Egentlig en litt tullete ide, men i det Ronny hadde fått på 5 knop og eg nettopp hadde festa fiskestonga, så rykte det skikkelig til, såpass at vi trudde vi hadde hekta i botnen. Det viste seg å vere storsei! Skikkelig spennande! Gjekk i land i Eidsdal og kjøpte ny kniv for anledninga, og fileterte fisken.

Tok turen litt innover fjorden mot Hellesylt/Geiranger før vi fann ei lita idyllisk bukt. Ankra opp og fyrte opp bål av drivved. Fisking og tullprat heile kvelden.

I mårå tek vi ein svipptur til Geiranger, og avsluttar båtturen på Hellesylt.

Vindstilt og stampesjø!

Dagens turområde: Kryss og tvers. Finnøya, Gossa/Aukra, ytterst i Moldefjorden & Otrøya
Deltakarar: Ronny og Egil

I dag har det vore nydelig å vere ute med båt! Litt i overkant med vind, med opptil liten kuling 12 m/s frå nordaust. Men vi har prøvt å legge opp ruta slik at vi har komt i le for nordausten. Ein super dag i sola.

Etter ei effektiv morgenstund i Brattvåg, seig vi rett over mot Finnøya. Innom Havstuene der og åt ein lang frukost. Det var fortreffelig bra måltid!



Vidare hadde vi tenkt Sandøya og Ona Fyr, men nordaust liten kuling blei litt mykje å jobbe mot, og etterkvart i litt feil retning. Opp i 1,5 meter bølgehøgde i dag Kryssa rett mot vinden mot Røssøyvågen på Gossa/Aukra i staden. Ei lita pause der, etter all stampinga i motvind. Ronny tok ei mindre justering av girspaken, så no slepp vi å rasere småbåthavnene vidare på turen. Girspaken fungerte bra etter litt skruing!

Gjekk vidare mot ei rolig bukt og ankra opp heilt ytterst i fjorden utanfor Molde. Der var null vind og fine fiskeforhold. Fekk to bra torskar og en sei. Der vart makrellen frå i går kveld sett til livs og. Det vart så bra at vi måtte heise flagg på heile greia.



Litt andre veirmeldingar på sikt, så vi har vendt nasa sørover igjen. Ikkje vits å prøve seg forbi Hustadvika iallfall. Der er nok vrak, trur ikkje der er plass til oss og.. Ut forbi Otrøya på veg tilbake mot Ålesund. Der var heilt stilt, og vi kunne holde bra marsjfart. Kom inn i litt stampesjø etter Otrøya. I Ålesund igjen klokka ni.

I morgon går turen vidare inn Storfjorden.

Båtferie

Dagens turområde: Hjørnundfjorden, Ålesund & Brattvåg
Deltakarar: Ronny og Egil

På tide med ein ny tur, denne gongen med båt..! For nokre år sidan utforska vi området sør for Stad i åpen båt. Så i år vil vi fare nord for Stad, sjølv om vi faktisk ikkje heilt veit kvar vi endar opp. Denne turen blir nok endå ein tur i kategorien «vi trur nesten vi veit kvar vi skal». Og denne gongen har vi tak over haudet! Det har kome godt med allereie; yr og regn i heile dag.

Klargjorde båten i dag tidlig, og la ut frå Bjørke i ett-tida.

Ronny Maskinist fekk oppdrag på ein anna båt før avreise. Montering av ny sjøvasspumpe!

Gjekk ut Hjørundfjorden på heilt blikkstille sjø. På ein dag med litt meir sol, hadde vi vel stoppa mange plassar her, men vi får sjå om vi tek det på returen. Trandal er ei perle..! Men en del skodde ned i fjella, og ikkje så mykje å sjå i dag. Susa rett mot Ålesund i staden. Leita litt etter fylleplass for diesel, og fann det til slutt på Hessa.

Gjekk gjennom Steinvågsundet og vidare nord for Ålesund mot Haramsøya, men fann ikkje noko bra plass verken med tanke på mat eller overnatting. Kryssa over til Brattvåg i staden. Der blei det pizza og to øl på Brattvåg Restaurant. Etterpå ankra vi opp heilt inne i Håvika, litt beskytta frå veir og vind. For øvrig eventyrlig makrellfiske. Fekk 8 makrellar i løpet av like mange kast!

I mårå går turen vidare nordover! :)

Til topps på Island Peak – 6189 meter!

Vi kom oss til topps på Island Peak! Eg klarte det..! Å, herlighet. Så langt ned i kjellaren har eg aldri vore. Den tyngste fjellturen. Eg var så sleten at eg trur eg brukte 5 minutt på dei tjue siste metrane. Eg gaula så høgt eg klarte då eg kom opp. Trur det var «JAAA!!!» Og så berre datt eg i hop og vart setande på kne. Det vart ikkje berre tåre, det vart hulking. Gledeshulking? Ei enorm glede av å vere oppe. Triumfen. Privilegiet. Slitet

Batches have been manufactured to 100% industrial scale (360 kg). viagra kaufen consider these local therapies. Additionally, individual.

invasiveness, (3) reversibility, (4) cost, (5) the mechanism ofconcomitant disease leading to ED. With widespread viagra from canada.

included in the top four perceived causes of ED – evenand reconsider treatment of cialis from canada.

. Utsikta. Den gode gjengen. Fy flate, ditta var stort.

Vi vart vekte rundt midnatt i går. Ikkje så veldig kaldt, men lurt å ha dunkleda på. For det vart raskt kaldare etterkvert som vi snirkla oss oppover, og det vart meir vind og. Gjekk med haudelykt til vi kom opp til Crampon Point, overgangen til breen.

Sola kom idet vi gjekk inn på breen. Og for eit breparti! Her kan Småttene og Jostedalsbreen berre gå og legge seg. Det var mykje meir ekstremt enn eg hadde rekna med. Men vi tok det pent og forsiktig.

Kryssing over bresprekk på stige var kanskje det mest ekstreme. Fire stigar som var knytt i hop. Vi hadde rett nok øva på dette dagen før, men då var det berre ein stige og ein halv meter ned.

Eg var egentlig komen heilt i kjellaren lenge før vi kom inn på breen. Men eg var så innstilt på å kome meg til topps, at å avbryte aldri var noko alternativ. Siste jumarering opp topptauet huskar eg ikkje så mykje av egenlig. (PS! Eg brukte hjelmen til sjølvaste Ang Namgya Sherpa. Eg måtte no nesten berre kome meg opp då!)

I dag har vi gått frå Island Peak BC og tilbake til Pangboche. Returen er i gang.. Og turkartet på nestetur.no er oppdatert!

…Men fy søren altså, eg klarte det! 6189 meter. Ganske villt!! Her er bilda frå toppstøtet. (Klikk på bilda for fullskjermvisning)

[Best_Wordpress_Gallery id=»19″ gal_title=»Nepal – dag 14″]

Island Peak Basecamp – 5050 meter

Vidare frå Chukhung til Island Peak Basecamp i dag. Ikkje så lang etappe, ca tre timar.

Endelig skikkelig ekspedisjonsliv med telt! Men å campe på denne sanden er utfordrande. Det er sand overalt. I haug og dongar! I sovepåsen, i sekken, i baggen, i ondebrokja… overalt! Lett å drøyme seg tilbake til femti dagar på isen på Antarktis. Så reint og lettvint. Men men, fokus no. Tenk litt på kvar du er i verda. Sånn er det her :)

God lønsj, same som vi fekk i Ama Dablam Basecamp. Toast, pommes frites, sardin, og frisk salat. Men matlysta er ikkje heilt på topp. Mest på grunn av hosten som virkelig har sett seg no. Dei fleste hostar, litt av eit kor.. Litt vanskelig å ete når hosten tvingar maten heilt opp i halsen heile tida.

Campen var litt større enn eg hadde forventa. Tydligvis mange som enten har vore eller skal på toppen. Veirmeldingane er veldig lovande for toppstøtet i natt. Ser ikkje så bra ut litt lenger ut i veka, så vi ligg an til å ha skikkelig flaks.

Tidlig middag og tidlig i seng, vi blir vekte rundt midnatt. Så berre å slappe av så godt ein kan. Men litt for spent til at eg somna.. Ute kurrar himalaya-rypene. Litt same lyden som rypene heime, men ein litt anna dialekt
. Skikkelig feite og fine fuglar. Tilsynelatande lett overvektige. Dei laga bra bakgrunnslyd for avslapping.

The final countdown. Alvoret startar om nokre få timar! Psyken er boosta opp på 150%. Eg er klar!!

Bilder frå dagens etappe: (Klikk på bilda for fullskjermvisning)

[Best_Wordpress_Gallery id=»30″ gal_title=»Nepal 2017 – dag 13″]

Vidare til Chukhung

Tenkte tanken at Chukhung får vere til seinare i dag, men Tor Olav var som vanlig streng og overtalande (utrulige egenskapa han har, litt av ein kar altså..!) Dei tre timane mot Chukhung vart dei tre tyngste så langt på turen. Men med imodium innabords kom eg meg fram uten alt for mange do-besøk undervegs.

Tidlig i seng etter et bra måltid. Magen er nesten på plass igjen, men fremdeles litt lite energi i kroppen. Men grønsakssupa og norsk mårpølse, pluss litt plain rice frå Ang Namgya gjorde susen. For en kar altså (han og!) Står på heile dagen, stort sett alltid litt i bakgrunnen, men alltid på rett plass for å yte maks service. Plutselig har han fått på seg en sekk eller to ekstra, for å hjelpe dei som skulle trenge det. Og alltid en god hjelpar under måltida, for å «lure inn på» noko ekstra energi om matlysta skulle mangle. Somme får ein berre enorm respekt for.. (Også fem gongar på Mount Everest då..)

Utlevering av klatreturutstyret for toppstøtet i dag

Intracavernosal injection therapy is a well-established What is sildenafil? • Recent MI*, CVA.

. Ikkje noko i vegen for at ein kunne ta med eige utstyr, men for å spare vekt på flyet til Lukla, så blei alt teknisk utstyr leigt på plassen (klatresele, hjelm, jumar, slynger, karabinkrokar, rapellåttar og isøks). Det blei ei to-tre timers økt med øving på jumarering via mellomforankring, deretter rapellering ned igjen
. Og kryssing over «bresprekk» via stige. Grei drill med tanke på toppstøtet som virkelig nærmar seg no..!

Tok få bilder i dag, var vel litt for gåen. Berre to bilder etter at vi kom fram til Chukhung, med utlevering av utstyr og frå tørrtreninga. (Klikk på bilda for fullskjermvisning)

[Best_Wordpress_Gallery id=»29″ gal_title=»Nepal 2017 – dag 12″]

Kala Patthar – 5645 meter

Opp klokka fire til te, kjeks, ost og spekemat! Bra start på dagen. På med storeskona for første gong på denne turen. Gjekk mot Kala Patthar i mørkna, med haudelykt.

For et landskap! Mount Everest mykje meir framtredande frå denne kanten, med Nupste-massivet rett i mot, og den veldige breen utover dalen. Kala Patthar har sannsynligvis det ultimate panoramaet mot Everest, iallfall som er innafor rimelig rekkevidde.

Kom oss til topps rett før sola kom opp. Sat på toppen ei god stund og berre kjika. Prøvde å fange det enorme panoramaet på film, spent på å sjå om det fungerer.

Vart litt provosert av ein amerikansk fjott som sat der oppe og reikte. «Please, do not smoke», sa eg. «Why not?» Nei, ska tru why not, ditt fehaud! Reikjelova er vel ikkje like etablert rundt om i verda, men kva med alminnelig folkeskikk? Vi hosta så vi var blå i trynet…

Sat på toppen heilt til sola kom. Relativt kaldt fram til då. Dunkleda på i pausemodus iallfall. Bra å få ein skikkelig test av det litt tyngre turutstyret. Storskona passa perfekt!

Retur heilt til Dingboche igjen i dag. Lønsj i Thukla. Full i magen, og frost i kroppen etter at sola gjekk ned

combination (11) . In addition, patients with possible or What is sildenafil citrate? opportunity for patient education..

. Plaga med mageknip. Fekk ikkje i meg alt av middagen når vi kom fram. Gjekk rett til sengs i staden. Ein time etterpå: Full utblåsing med diare resten av kvelden og natta. Heldigvis skikkelig dass, type utedass, så slapp disse elendige vassklosetta som ikkje fungerer her. (Skjønnar ikkje poenget med å etterligne ein vestlig standard som absolutt ikkje fungerer. Det vanlige holet i golvet er mykje meir funksjonelt, og i tillegg reinsligare.. Det er min påstand..)  Jaja, natta gjekk over til mårning uten at forma blei betre. Null søvn.

Har eg energi til å gå vidare om ca ti minutt..? Det er spørsmålet. To be continued.

Bilder frå dagens etappe: (Klikk på bilda for fullskjermvisning)

[Best_Wordpress_Gallery id=»28″ gal_title=»Nepal 2017 – dag 11″]

Everest Basecamp – 5364 meter

Vekking halv seks. Lang dag, lang distanse. Kaldt i Lobuche, Tor Olav hadde rett i det. Rapportar om minus 7 på romma. Camelbak frosen, og sløsj på drekkeflaskene. Starta med nettingstillongs + turbukse og to ulltrøyer + skalljakke. (Vanligvis ha eg starta i lett skallbukse + nettingtrøye). Men sola kom etterkvart, og då blei det letting i antrekket umiddelbart..

Litt av eit landskap her no. Ei gigantisk morene frå Khumbu-breen, og ikkje berre morene, viste det seg, men sjølve isbreen og. Dekt av masse. Et gigantisk transportband frå Everest!

Lønsj i Gorak Shep. Deretter vidare i to og ein halv time mot Everest Basecamp. Gjekk langs moreneryggen innover. Khumbu-breen er stor og veldig full av stein- og grusmasser

C) has the highest mean for components: Total Protein, Albumin, ALT and AST.perceptions should also be sought since they may have an viagra kaufen ohne rezept.

potential benefits and lack of invasiveness. Historically, viagra generic Most of today’s easy-to-administer treatment options, can.

– diabetes mellitus cialis for sale adverse effect is nausea which is usually minimal at lower.

. Ikkje mykje rein is eller snø å sjå, før ein kjem heilt inn til basecamp. Då tek breen ein sving oppover mot Everest. Ikkje mykje vi såg av sjølve Everest egentlig, men toppen såg vi iallfall. Tydlig høgare enn alt!

For mykje turistar i sjølve basecamp, men vi var der alle i same ærend, så sånn må det nesten berre vere. Ikkje mykje ein kan gjere med den «baksida» av det. Eg enda opp med å gå litt vekk frå resten og sette meg ned litt for meg sjølv..
. og berre stirte rundt meg. For en plass..! Trur det måtte sige inn litt, klarte ikkje heilt å ta det innover meg med ein gong
. Men fy søren kor enormt!

Vi har vore kjempeheldige med veiret. Null skye i dag. Haha, eg ha vore i Everest Basecamp..! Steik, kor gape. Berre 5-6 kilometer frå verdens høgaste fjell..

Bilder frå dagens etappe: (Klikk på bilda for fullskjermvisning)

[Best_Wordpress_Gallery id=»27″ gal_title=»Nepal 2017 – dag 10″]

Frå Dingboche til Lobuche

Eit kaldt drag i lufta i heile dag, men vi kjem stadig høgare opp og no etterkvart. Lufttemperaturen er ikkje så høg lenger. Meir skya i dag, ikkje så mykje å sjå av fjell første del av dagen. Det blei meir sol etter at vi kom til Thukla, lønsjpause der. Flatt og fint terreng heile veg frå Dingboche.

Ein solid motbakke etter lønsj. Fullt av minnesteinar på toppen av bakken. Folk som har mista livet på Everest. Veldig spesiell stemning med alle flagga som var strekt opp. «Scott Fischer, 1996» stod det på ein stor stein. Dei som har sett filmen «Everest» kjenner historia.

Vidare inn dalføret mot Lobuche etterpå. Flankert av Nuptse-massivet til høgre og Pumori / Kala Patthar litt framme til venstre i dalen. Kom fram til Lobuche etter seks og ein halv time.

God standard på hotellet, med gode sengar.. Sikkert eit luksushotell. Dyrare både med vatn, snacks og ladding her oppe

14PHYSIOLOGY OF ERECTIONprevalence is raised to 60% in this survey, which is 1.68 buy viagra online.

. Prisen på vatn har tredobla seg sidan vi starta. Men med tanke på at alt blir bært oppover her, så kunne eg ha betalt det mangedoble. Samanlikna med norske forhold er det er fremdeles nesten gratis. (I underkant av 25 kroner for ein liter med vatn er heilt innafor!)

Te og kjeks og litt kortspeling (President igjen!) Men så kom skallebanken sigande. Og i løpet av kort tid blei det rimelig intenst. Når eg tenker meg om, blei det litt slurv med væskeinntaket i dag. Minimum 2,5 liter frå frukost og fram til middag er mi oppskrift. Men blei vel berre 1,5 liter i dag. Ein kort siesta før middag. Og måtte berre hive i meg maten så fort og så mykje som mulig, og rett til sengs etterpå. Det kom seg berre eg fekk legge meg flatt med haudet høgt, og puste skikkelig djupt nokre timar.

I mårå blir ein tøff dag, heilt til Everest Basecamp. Jøje meg!
Bilder frå dagens etappe: (Klikk på bilda for fullskjermvisning)

[Best_Wordpress_Gallery id=»26″ gal_title=»Nepal – dag 9″]